Bilde
Telemark Godslinjer AS er ei transportbedrift med hovudkontor i Seljord. Selskapet er beståande av omkring 60 ansatte og 35 lastebilar/vogntog.
Selskapet er ei samanslutning av Telemark Bilruter AS og Trelasttransport AS. Sistnemnte selskap vart etablera i 1978 av Knut Gjersund med 1 bil i parken. Frakt av trelast over Haukeli til vestlandet for den gong Telemark treimpregnering var hovudjobben.
Frå 1982 vart det også kranbil i bilparken.
Trelasttransport AS blei utvida med 1 bil annankvart år i 13 år frå starten.

Telemark Bilruter AS har røter heilt attende til 1909 då det vart det starta eit bilrutetiltak i Fyresdal. I 1910 starta den fyrste bilruta i Vest-Telemart og i 1911 den fyrste ruta over Haukelifjell. Dette skulle få namnet ”Automobillaget Haukeli”.
Det voks fram mange små rutebilselskap rundt om i Telemark og i bygdane. I 1919 vart det Seljord Automobillag.
1 1952 slo 3 rutebilselskap frå Fyresdal, Nissedal og Vrådal seg saman og det blei kalla F.V.N Billag AS.
9 år tidlegare hadde billaga i dei øvre bygdene slått seg saman til Vest-Telemark Billag LL.
I 1972 vart alle rutebilselskap i  Vest-Telemark slegne saman, og fekk namnet Vest-Telemark Bilruter.
I 1998 vart det ein storfusjon mellom Vest-Telemark Bilruter og Grenland Nord trafikkselskap.
Det blei frå då heitande Telemark Bilruter AS.

Frå januar 2010 vart godsavdelinga til Telemark Bilruter AS og Trelastransport AS samanslått til eit firma med namn Telemark Godslinjer AS, der eigarandelen er fordelt på 65% Telemark Bilruter AS og 35% Morgedal AS.