Velkommen til Telemark Godslinjer AS

Tilgjengeleghet

Me er bestandig tilgjengelege for våre kundar.

For hjelp utanom kontortid er me å treffe på vakttelefon.

Denne er betjent heile døgnet, heile året.

📞959 84 903 

Service

Me har positive, serviceinnstilte og dyktige medarbeidarar.

Me har rask responstid og har gode løysingar på våre tenester.

Kunden er i fokus på både små og store oppdrag.

Solid nettverk

Me har eit godt nettverk av samarbeidspartnarar.

Me kan difor være totalleverandør på større prosjekt.

Dette gjeld transport, kranoppdrag, renovasjon eller oppdrag med suge- og spylebilar.

Om oss

Om oss (mal)

Telemark Godslinjer AS er ei transportbedrift med hovudkontor i Seljord. Selskapet er beståande av omkring 50 tilsette og 35 lastebilar/vogntog.

Me driv innanlandstransport mellom aust- og vestlandet med trelast, stein, betongvarer, maskiner, stykkgods, partilast, kjølevarer m.m. Me har kranbilar som tek ulike oppdrag som for eksempel utkøyring av byggevarer og hyttemontasjar. Me har kontrakt på avfallsrenovasjon i Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje og Fyresdal kommunar, og kontraktar på slamrenovasjon i Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje, Fyresdal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Etnedal, Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes og Flå kommunar. I tillegg tek me på oss renovasjonstenestar eller suge- og spyletenestar for næringsverksemder og private i desse og nærliggande kommunar.

Me har verkstad og vaskehall i same lokale som hovudadministrasjonen i Seljord. Me har skiftordning på verkstaden og tek mykje av vedlikehaldet sjølve.

Me har også avdelingar for suge- og spylebilar i Ål i Hallingdal og på Leira i Valdres.

Selskapet er ei samanslutning av Telemark Bilruter AS og Trelasttransport AS. Sistnemnte selskap vart etablera i 1978 med 1 bil i parken. Frakt av trelast over Haukeli til vestlandet for den gong Telemark treimpregnering var hovudjobben. Frå 1982 vart det også kranbil i bilparken. Trelasttransport AS blei utvida med 1 bil annan kvart år fram til samanslåinga i 2010. 

Telemark Bilruter AS har røter heilt attende til 1909 då det vart starta eit bilrutetiltak i Fyresdal. I 1910 starta den fyrste bilruta i Vest-Telemark og i 1911 den fyrste ruta over Haukelifjell. Dette skulle få namnet ”Automobillaget Haukeli”. Det voks fram mange små rutebilselskap rundt om i Telemark og i bygdene. I 1919 vart det Seljord Automobillag. I 1952 slo 3 rutebilselskap frå Fyresdal, Nissedal og Vrådal seg saman og det blei kalla F.V.N Billag AS. 9 år tidlegare hadde billaga i dei øvre bygdene slått seg saman til Vest-Telemark Billag LL. I 1972 vart alle rutebilselskap i Vest-Telemark slegne saman, og fekk namnet Vest-Telemark Bilruter. I 1998 vart det ein storfusjon mellom Vest-Telemark Bilruter og Grenland Nord trafikkselskap. Det blei frå då heitande Telemark Bilruter AS.

Frå januar 2010 vart godsavdelinga til Telemark Bilruter AS og Trelasttransport AS slege saman til eit firma med namn Telemark Godslinjer AS, der eigarandelen er fordelt på 65% Telemark Bilruter AS og 35% Morgedal AS.

Samarbeidspartnarar og oppdragsgjevarar

DB Schenker
DB Schenker

DB Schenker

Stoklands
Stoklands

Stoklands

Lid Jarnindustri
Lid Jarnindustri

Lid Jarnindustri

Bergene Holm AS
Bergene Holm AS

Bergene Holm AS

Renovest IKS
Renovest IKS

Renovest IKS

Karmøy Naturstein
Karmøy Naturstein

Karmøy Naturstein

Ølen Betong
Ølen Betong

Ølen Betong

Hallingdal Renovasjon
Hallingdal Renovasjon

Hallingdal Renovasjon

Valdres kommunale renovasjon IKS
Valdres kommunale renovasjon IKS

Valdres kommunale renovasjon IKS

Flatdal Handlaft
Flatdal Handlaft

Flatdal Handlaft

Haukeli Hytter og hus
Haukeli Hytter og hus

Haukeli Hytter og hus

Gundersen Transport AS
Gundersen Transport AS

Gundersen Transport AS

Våre tenester

Kapelltrailere

Køyretøy for transport av trelast, stein, rundballer, betongvarer, pallegods og det meste av anna type gods.

Trallene har løftbart kapell som reduserer tidsforbruket på lasting og lossing.

Sidelemmane og golvet på trallene er også forsterka og godkjent for transport av lausmasser.

Thermovogntog

Køyretøy med aggregat for transport av stykkgods, fisk, matvarer og anna som krev temperaturregulert transport.

Bilane er også godt egna for transport av anna gods.

Kranbilar

Vi har kranbilar i ulike størrelsar.

Den største er på 45 tonn/m med vinsj og jibb.

Rekkevidde på denne krana er på 29 meter.

Suge- og spylebilar

Vi har suge- og spylebilar i ulike størrelsar og til ulike formål.

Vi har alt i frå 5 m3 vakuumvogn til traktor, til vogntog med 30 m3 kapasitet.

Nokre av bilane har 5’’ sugeslange på fjernstyrt kranarm, noko som gjer til at for eksempel fettavskillere og sandfang tømmast effektivt.

Den største spylebilen har ein kapasitets på 500 liter i minuttet ved bruk av 1 ¼’’ spyleslange.  

Les mer ...

Avvatningsbilar

Vi har avvatningsbilar som brukast til å separere slam og vatn frå septiktankar.

Vi nyttar Masko-Zoll avvatningsteknologi, som er ein lukka mekanisk reinseprosess av kloakk der separasjonen av vatn og partikkelfase (slam) går føre seg ved hjelp av polymer, gravitasjon og svaberbevegelsar. Vatnet filtrerast gjennom filterplater og blir ført tilbake til same septiktank. Avvatning av slamavskillere er difor miljømessig betre enn tradisjonell septiktømming sidan 96-98 % av innhaldet i septiktanken er vatn. 

Komprimatorbilar

Vi har komprimatorbilar med to kammer for å kunne transportere to ulike avfallsfraksjoner på same tur.

Nokre av komprimatorbilane har også vinsj for tømming av liftcontainerar.

Desse bilane brukast hovudsakeleg til innsamling av avfall i kommunane Tokke, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Vinje for Renovest IKS.

Meir informasjon om for eksempel henteordningar finn du på www.renovest.no»    

Liftbilar

Vi har liftbilar for transport av liftcontainerar.

Krokbilar

Vi har krokbilar for transport av krokcontainerar.

Vi har også ulike typar flak som gjer at krokbilane enkelt kan byggast om til å fungere som tankbil, liftbil, ordinær godsbil eller tippbil. 

Containerutleige

Vi har containerar til utleige.

Vi har størrelsar i frå 10 til 50 m3.

På containerane i størrelsesorden 40 til 50 m3 tilbyr vi full sideopning.

Vi har også fastmontert presenning som enkelt kan rullast ut for tørr lagring i containeren. 

Maskintransport

Vi har maskintrailere med bredding inntil 3 meter for transport av breie maskiner eller utstyr.

Desse trailerane kan også brukast til transport av tradisjonelt gods som gjer til at vi får utnytta reiskapen maksimalt.

Dei har også forsterka botn og sidelemmar for transport av lausmasser. 

Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn

Stiftelsen Miljøfyrtårn tilbyr miljøsertifisering som hjelper private og offentlige virksomheter til å drive lønnsomt og miljøvennlig.

Miljøfyrtårn

Stiftelsen Miljøfyrtårn tilbyr miljøsertifisering som hjelper private og offentlige virksomheter til å drive lønnsomt og miljøvennlig.

Kontakt oss

959 84 900
Brøløsvegen 7, 3840 SELJORD
Orgnr 992 840 455

Konsern

Telemark GodslinjerAS
Telemark GodslinjerAS

Telemark GodslinjerAS

Telemark Bilruter AS
Telemark Bilruter AS

Telemark Bilruter AS

Telemark Transportservice
Telemark Transportservice

Telemark Transportservice